Havrebrød passar godt med brunost på. Sunn kaffemat.
Ingrediensar: Havregryn, kveitemjøl, margarin, mjølk, hornsalt og sukker.
Havrekjeks er litt søtare enn havrebrød, og kan godt etast utan noko på.
Ingrediensar:Havregryn, kveitemjøl, margarin, mjølk, hornsalt og sukker.
Usmurt lefse er same grunnoppskrifta som smurt lefse og lefserullar, men utan smørning, slik at du kan ha på kva du vil. Vert seld som frysevare.
Ingrediensar: Kefir, margarin, sukker, lys sirup, natron, bakepulver og mjøl.
Tjukklefse passar godt med ei brunostskive på toppen. Vert seld som frysevare.
Ingrediensar: Kveitemjøl, kulturmjølk, sirup, margarin, sukker, egg, hornsalt og bakepulver.
Klassisk lompe. Sesongvare. Selgast som frysevare.
Ingrediensar: Potet, kveitemjøl, fløyte, rugmjøl, salt.
Potetlefsa kan brukast til det meste. Ho passar både som tilbehør til middagen, eller som kaffemat. Sesongvare. Selgast som frysevare.
Ingrediensar: potet, kveitemjøl, fløyte, salt, (hevemiddel:bakepulver)
Vi er sju damer som har skapt vår eiga bedrift i andre etasje på Verma Nærbutikk. Der driv vi eit lite bakeri, med oppskrifter basert på lange tradisjonar frå heimbygda vår. Bakverka har vore brukt til både kvardag og fest. Sjølv om vi har investert i nokre meir moderne hjelpemiddel, er kjevlet fortsatt eit viktig arbeidsreiskap. Alle bakverka vert laga frå botn av, stekt på takke, og er utan kunstige tilsetningsstoff.
Ovanfor ser du bilete av Verma Nærbutikk, der vi har arbeidslokala våre. Verma ligg i Rauma kommune, i Møre og Romsdal, på grensa til Oppland. For å sjå kart, klikk her.
Alle våre produkt er til salgs på Verma Nærbutikk og Smurt lefse er til servering på cafe'n på Romsdalsmuseet i Molde
For ytlegare opplysningar, ta kontakt:
Mobil(Marit Kvam): 454 75 095
E-post: vermamat@vermamat.no
Verma Nærbutikk: 929 76 045