Heim

Produkter

Småleivar er festmat som passar godt til kaffen. Kan etast som dei er, ellers er dei gode med brunost eller sirup.



Ingrediensar: Smør, smult, rumme, mjølk, sukker, byggmjøl og kveitemjøl.

Havrebrød passar godt med brunost på. Sunn kaffemat.

 


Ingrediensar: Havregryn, kveitemjøl, margarin, mjølk, hornsalt og sukker.


 


Havrekjeks er litt søtare enn havrebrød, og kan godt etast utan noko på.



Ingrediensar:Havregryn, kveitemjøl, margarin, mjølk, hornsalt og sukker.

Bløytalefse bløyter du sjølv ved at du bløyter begge sider av lefsa, deretter legg du lefsa i gladpack eller eit blaut klede i om lag 20 minutt. Nytast med smør og sukker, eller det du vil.



Ingrediensar: Kveitemjøl, rug, kulturmjølk, margarin, sukker, sirup, bakepulver og natron.

Flatbrød er uunnvereleg til middagen. Fiskebollar eller rummegraut, flatbrød må du ha! Selges i to størrelsar: 4 leivar og 12 leivar.



Ingrediensar: Mjølk, salt, rugmjøl, sjåkmjøl, mjøl male på Sagelva, samale kveitemjøl og kveitemjøl.

Verma-lefse

Smurt lefse er vår klare favoritt hjå ungar. Ho er ferdig smurt, og lett å ta fram når du får uventa gjester. Lefsa vert seld som frysevare.



Ingrediensar: Kefir, margarin, sukker, lys sirup, natron, bakepulver og mjøl.

Smørning: Soyamargarin, meierismør, melis, sukker og kanel.


Lefserullar er same lefsa som smurt lefse, berre i ein annan form. Vert seld som frysevare.



Ingrediensar: Kefir, margarin, sukker, lys sirup, natron, bakepulver og mjøl.

Smørning: Soyamargarin, meierismør, melis, sukker og kanel.


Usmurt lefse er same grunnoppskrifta som smurt lefse og lefserullar, men utan smørning, slik at du kan ha på kva du vil. Vert seld som frysevare.



Ingrediensar: Kefir, margarin, sukker, lys sirup, natron, bakepulver og mjøl.

Tjukklefse passar godt med ei brunostskive på toppen. Vert seld som frysevare.



Ingrediensar: Kveitemjøl, kulturmjølk, sirup, margarin, sukker, egg, hornsalt og bakepulver.

Klassisk lompe. Sesongvare. Selgast som frysevare.




Ingrediensar: Potet, kveitemjøl, fløyte, rugmjøl, salt.

Potetlefsa kan brukast til det meste. Ho passar både som tilbehør til middagen, eller som kaffemat. Sesongvare. Selgast som frysevare.



Ingrediensar: Potet, kveitemjøl, fløyte, salt, (hevemiddel: Bakepulver)

Glutenfrie produkt

Smurt tynnlefse

Tynnlefse med smørning..

Selgast som frysevare.



Ingrediensar: Glutenfritt basemjøl, melange,kulturmjølk, sukker, egg, fiberhusk, natron og bakepulver.

Smørning: Soft margarin, smør, melis, kanel og sukker.











Turlefse

Lefse med havregryn som gjør den ideell til å ha med i sekken på tur, men egner seg også til kaffebordet heime.

Spises med brunost, sirup eller smør og sukker.

Selgast som frysevare.


Ingrediensar: Havregryn, glutenfritt basemjøl, kulturmjølk, rømme, sukker, sirup, fiberhusk, natron og bakepulver.

Potetkake

Tradisjonell bakst brukt til kaffemat. Nå brukes den også til lumpe til pølse.

Spises med brunost, sirup eller smør og sukker.

Selgast som frysevare.


Ingrediensar: Potetflak, glutenfritt basemjøl, fløyte, egg, fiberhusk, bakepulver og salt









Potetlefse

Tradisjonell bakst brukt til kaffemat. Brukes også til lutefisk, rakfisk, wraps og annen saltmat.


Selgast som frysevare.


Ingrediensar: Potetflak, glutenfritt basemjøl, fløyte, egg, fiberhusk, bakepulver og salt

Potetflatbrød

Brukes som tilbehør til de fleste middager.



Ingrediensar: Glutenfritt basemjøl, havregryn, potetflak, Jyttemjøl, fiberhusk, vatn og salt.









Havrekjeks

Tradisjonell bakst brukt til kaffemat. God med brunost.



Ingrediensar: Havregryn, melange, sukker, mjølk og hornsalt. 










Sveler

Tradisjonell bakst brukt til kaffemat. Svelene er smurt med smørkrem.


Selges som frysevare.



Ingrediensar: Glutenfritt basemjøl, kulturmjølk, sukker, egg, melange, natron og salt.  

Om Oss

Vi er fem damer som har skapt vår eiga bedrift i andre etasje på Verma Nærbutikk. Der driv vi eit lite bakeri, med oppskrifter basert på lange tradisjonar frå heimbygda vår. Bakverka har vore brukt til både kvardag og fest. Sjølv om vi har investert i nokre meir moderne hjelpemiddel, er kjevlet fortsatt eit viktig arbeidsreiskap. Alle bakverka vert laga frå botn av, stekt på takke, og er utan kunstige tilsetningsstoff.  


I 2025 laga vi til eit eige glutenfritt bakeri. Dette gjer at vi kan tilby mange takkebakst-produkt som er glutenfrie.

Ovanfor ser du bilete av Verma Nærbutikk, der vi har arbeidslokala våre. Verma ligg i Rauma kommune, i Møre og Romsdal, på grensa til Oppland. For å sjå kart, klikk her.

Kontakt Oss

Alle våre produkt er til salgs på Verma Nærbutikk. Butikken er nå fjernbetjent kl 6 - 23 som gjer at våre varer er lett tilgjengelege.


For ytlegare opplysningar, ta kontakt:

Mobil(Marit Kvam): 454 75 095

E-post: vermamat@vermamat.no

Verma Nærbutikk: 929 76 045