Om oss

Vi er sju damer som har skapt vår eiga bedrift i andre etasje på Verma Nærbutikk. Der driv vi eit lite bakeri, med oppskrifter basert på lange tradisjonar frå heimbygda vår. Bakverka har vore brukt til både kvardag og fest. Sjølv om vi har investert i nokre meir moderne hjelpemiddel, er kjevlet fortsatt eit viktig arbeidsreiskap. Alle bakverka vert laga frå botn av, stekt på takke, og er utan kunstige tilsetningsstoff.

Ovanfor ser du bilete av Verma Nærbutikk, der vi har arbeidslokala våre. Verma ligg i Rauma kommune, i Møre og Romsdal, på grensa til Oppland. For å sjå kart, klikk her.